Fridom eller fangenskap på nettet?

Internett er blitt ein kvardagsleg ting for dei aller fleste. Men kven eig eigentleg internett, og kva skjer med spora du legg frå deg? Er internett opent for alle, eller kan nokon styre det?

Accessibility icon Fridom eller fangenskap på nettet?

Kven eig internett?

Internett er overalt. Vi brukar det mange gongar kvar dag. Anten du berre surfar rundt, shoppar eller deler morosame videoar av kattar.

Men kven eig eigentleg internett? Og all den informasjonen du legg frå deg når du brukar det?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Person som holder en katt som ser på mobiltelefon.
Person som holder en katt som ser på mobiltelefon.

Kva betyr www?

Kva står eigentleg www for? Det betyr «World Wide Web». Det er den delen av internett som lar oss bruke nettstader. For å søkje seg fram til ein nettstad treng datamaskinen ein nettlesar. Populære nettlesarar er Chrome, Edge, Safari og Opera.

Person sitter foran datamaskin og peker på et svevende søkefelt.
Person sitter foran datamaskin og peker på et svevende søkefelt.

Ingen eig internett!

Det er ingen som eig heile internett. Men somme eig ulike delar av det. Desse kallar vi kommersielle aktørar. Dei tener pengar på at vi bruker internett. Det kan for eksempel vere det trådlause nettverket du bruker heime, og alle serverane som lagrar alle dataa vi brukar.

Ideelle organisasjonar

For å finne ei spesiell nettside må du skrive inn eit domenenamn. Det er adressa til nettsida. For eksempel  www.skolerom-staging.com. Et slikt domenenamn består eigentleg av mange tal. Dette kallar vi ei IP-adresse. I staden for å hugse på alle desse tala, kan vi heller skrive eit domenenamn. Det er ulike ideelle organisasjonar som organiserer dette på internett. Dei gjer dette utan å ta betalt.

Kven som helst kan utvikle noko på nett. Det kan vere online-spel, heimesider eller appar. Dei som driv mest med slik utvikling, er dei fem store selskapa Google (Alphabet), Facebook (Meta), Amazon, Apple og Microsoft.

Vi har blitt veldig avhengige av internett. Det er vanskeleg å sjå for seg ei verd utan.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Hender holder en globus sammen.
Hender holder en globus sammen.

Kven eig deg på internett?

Har du brukt Facebook, Google, Instagram, TikTok eller andre gratistenester på internett? Visste du då at dei som eig desse tenestene, kan lagre informasjon om deg?

Katt trykket på en mobiltelefon som ligger på gulvet.
Katt trykket på en mobiltelefon som ligger på gulvet.

Google

De aller fleste brukar Google som søkemotor på internett. Her finst det enormt med informasjon! Kvart sekund blir det gjort over 100 000 søk! Kvar gong vi søkjer på noko, gir vi frå oss informasjonskapslar eller «cookies». Det er spor som viser kva for nettsider vi har søkt på.

Dei spora du legg igjen, blir brukte for å gi deg reklame. Har du søkt på noko som interesserer deg, vil det ganske raskt poppe opp reklame på datamaskinen din. Dei som gir oss gratis internett-tenester, tener masse pengar på slik reklame.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Person som sitter ved en datamaskin med et svevende flyskjema foran seg.
Person som sitter ved en datamaskin med et svevende flyskjema foran seg.

Meta

(tidlegare facebook)

Det er gratis å bruke Facebook og Instagram, men ikkje heilt. Kvar gong du brukar ei av tenestene til Meta, betaler du noko; nemleg informasjon om deg sjølv. Denne informasjonen blir brukt til å vise deg reklame som Meta trur du vil ha. 

Personleg informasjon kan brukast på andre måtar også. I 2018 vart det avslørt at slik informasjon vart brukt for å manipulere veljarar før det amerikanske valet i 2016. Manipulere er å påverke eller lure nokon til å ta eit val.

Sosiale medium som Facebook kan også spreie hat og rasisme. Slik informasjon kan nå ut til heile verda på sekundar. Og mange blir dermed påverka til å skade andre. Det har Facebook fått kritikk for. Dei har ikkje gjort nok for å fjerne hatefulle ytringar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Gullmynter med gravert tommel opp i facebook-stil
Gullmynter med gravert tommel opp i facebook-stil

Opprør, kampar og sosiale medium

I krig og opprør blir internett og sosiale medium brukte som våpen. Det blir lagt ut videoar som oppfordrar til å kjempe mot ein fiende, eller gjere opprør mot myndigheitene. 

Opprørspolitimann foran en gruppe opprørere.
Opprørspolitimann foran en gruppe opprørere.

Den arabiske våren

I januar 2011 var det store opprør mot myndigheiter i Midtausten og Nord-Afrika. Desse opprøra vart kalla  «Den arabiske våren». Sosiale medium vart brukte for å samle og spreie informasjon. Dermed fikk resten av verda vite kva som gjekk føre seg. 

Dette opprøret gjorde at myndigheitene i blant anna Egypt og Syria stengde ned fleire nettstader. Dei ville ha kontroll over kva innbyggjarane fikk tilgang til.

📷  Aktivistar bygde provisoriske mediesenter for å samle bilde og videoer frå demonstrantar og laste dette opp på internett. Dette bildet kjem frå ein slik leir.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Personer som protesterer omringet av opprørspoliti i Egypt
Personer som protesterer omringet av opprørspoliti i Egypt

Det sensurerte internettet

Internett er verdas største bibliotek. Her finst informasjon om absolutt alt. I land som Kina og Nord-Korea kan myndigheitene drive sensur. Då er det myndigheitene som bestemmer kva slags informasjon innbyggjarane får.

📷  Reportarar utan grenser har laga eit stort bibliotek i spelet «Minecraft». Biblioteket gir tilgang på sensurert innhald frå heile verda. Dette ligg no fritt tilgjengeleg for dei som ønskjer informasjon, sidan spelet kan spelast i dei fleste land. Les meir på uncensoredlibrary.com.
Oversiktsbilde av det usensorerte biblioteket i Minecraft

Den kinesiske brannmuren

I Kina laga dei på slutten av 1990-talet eit system som skulle kontrollere internett. Myndigheitene kalte det «Det gyldne skjold». Hensikta er å drive sensur på internett, og overvake kva innbyggjarane gjer på nettet. Det fekk raskt kallenamnet «Den kinesiske brannmuren».

Dei som bruker internett i Kina, kan bli straffa for det. I verste fall kan folk bli arresterte.

Her er nokre saker som den kinesiske regjeringa har sensurert.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av den kinesiske mur
Illustrasjon av den kinesiske mur

Ole Brumm

Ole Brumm er blitt fjerna frå kinesisk internett. Det var kanskje fordi nokon samanlikna han  med president Xi Jinping.

Mange i Kina er ueinige med presidenten. For å tulle med han vart det lagt ut bilde av han og Ole Brumm. Bilda vart spreidde på internett, og mange brukte dei for å vise motstand mot leiarane i Kina.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Collage av Xi Jinping og Ole Brumm
Collage av Xi Jinping og Ole Brumm

Covid 19-pandemien

I Norge gir myndigheitene mykje informasjon om pandemien. Myndigheitene i Kina deler lite informasjon med folket sitt.

Kinesere står med masker i kø for å handle
Kinesere står med masker i kø for å handle

Tianamen Square-protestane

4. juni 1989 samla tusenvis av kinesarar seg på «Den himmelske freds plass». Dei viste motstand mot myndigheitene. Fleire tusen vart drepne og skadde av militæret.

Det står mykje om denne hendinga på internett. Men informasjonen i Kina er heilt annleis enn i resten av verden.

📷  «Tank man», tatt av Jeff Widener. Kvifor trur du bildet har blitt verdskjent?
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tank man - Mann står alene foran fire militærtanks.
Tank man - Mann står alene foran fire militærtanks.

Overvaking i stor skala

Det er ikkje berre overvaking av internett som skjer i Kina. Store delar av befolkninga vert overvaka døgnet rundt. Om nokon gjer noko ulovleg, kan dei straffast. Ei effektiv straff er ansiktsgjenkjenning. Det vert brukt til «public shaming» for å gi vedkommande offentleg skam. Slike bilde kan brukast på plakatar eller i aviser.

📷  Lyktestolpe i Tiananmen som er dekt av overvåkningsutstyr.
Lyktestolpe på Tiananmen full av overvåkningsutstyr
Lyktestolpe på Tiananmen full av overvåkningsutstyr

Framskritt og misbruk

Vi bruker internett heile tida, og det gjer at vi kan kommunisere med heile verda på ein enkel måte. Så lenge vi har tilgang på nettet, vel å merke. Teknologien kan dessverre misbrukast til fordel for dei med stor makt.

Kjelder:

  • Øverby, Harald; Dvergsdal, Henrik: internett i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 23. juni 2022 frå https://snl.no/internett

 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Ramy Raoof
    10. Unsencored library
    11. Michel Temer / ​​JD Hancock – YouTube
    12. Joshua Fernandez (Unsplash)
    13. NTB Scanpix / Jeff Widener
    14. Ed Johnson
    15. Getty Images