Fridom eller fangenskap på nettet?

Internett er blitt ein kvardagsleg ting for dei aller fleste. Men kven eig eigentleg internett, og kva skjer med spora du legg frå deg? Er internett opent for alle, eller kan nokon styre det?

Accessibility icon Fridom eller fangenskap på nettet?

Kven eig internett?

Internett er overalt, og vi brukar det mange gongar kvar dag. Vi lever i ein kvardag der vi brukar nettet som noko sjølvsagt. Vi brukar det til heilt kvardagslege ting som nettbank, shopping, streaming, dating eller berre deling av morosame kattevideoar.

Men kven eig eigentleg internett? Og kven eig all den informasjonen du legg frå deg når du brukar det?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Person som holder en katt som ser på mobiltelefon.
Person som holder en katt som ser på mobiltelefon.

Kva betyr www?

Internett er noko mange tenkjer på som «World Wide Web» (www). Det er den delen av internettet som lar oss bruke nettstader. For at ein datamaskin skal kunne koplast til ulike nettstader, treng maskinen riktig programvare, kalla nettlesarar. Populære nettlesarar er Chrome, Edge, Safari og Opera.

Person sitter foran datamaskin og peker på et svevende søkefelt.
Person sitter foran datamaskin og peker på et svevende søkefelt.

Ingen eig internett!

Internett har ikkje éin eigar. Det er mange kommersielle aktørar som eig ulike delar av internett. Blant anna det trådlause nettverket du har heime, og store datasenter fulle av serverar som lagrar dataa vi brukar.

Ideelle organisasjonar

Skal du lage eller finne ei nettside, trenger du eit unikt domenenamn. Vi kan kalle det ei adresse. Eit slikt domenenamn består av ei lang rekke med tal som vert kalla IP-adresser. For å gjere det enklare å finne nettstader skriv vi heller eit domenenamn. For eksempel www.skolerom-staging.com. Det er ulike ideelle organisasjonar som tar seg av å organisere dette på internett.  

Sidan ingen eig internett, betyr det at kven som helst kan utvikle internettenester. Det kan vere online- spel, nettstader eller appar. Dei fem store selskapa Google (Alphabet), Facebook (Meta), Amazon, Apple og Microsoft har alle nettbaserte tenester som ein grunnstein i bedrifta.

Mykje av samfunnet vert styrt av internett. Det er vanskeleg å sjå for seg  korleis verda ville ha sett ut om det plutseleg vart borte. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Hender holder en globus sammen.
Hender holder en globus sammen.

Kven eig deg på internett?

Har du brukt Facebook, Google, Instagram, TikTok eller andre gratis tenester på internett? Då har du også sagt ja til at dei som eig desse tenestene, kan registrere informasjon om deg. 

Katt trykket på en mobiltelefon som ligger på gulvet.
Katt trykket på en mobiltelefon som ligger på gulvet.

Google

Den mest brukte søkemotoren på internett er Google. Kvart sekund blir det gjort over 100 000 søk i Google! Tilgangen på informasjon er enorm! Når vi søkjer på Google, gir vi frå oss informasjonskapslar eller «cookies». Google bruker dette for å spore og lagre kvar vi er, kva sider vi besøkjer, kor mykje tid vi brukar, og kva vi klikkar på.

Denne informasjonen blir brukt til å drive marknadsføring direkte mot deg. Det er reklame som er den største inntektskjelda til dei store gratis internett-tenestene. I 2020 tente dei 147 milliardar dollar på slik reklame.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Person som sitter ved en datamaskin med et svevende flyskjema foran seg.
Person som sitter ved en datamaskin med et svevende flyskjema foran seg.

Meta

(tidlegare facebook)

Det er gratis å bruke Facebook, Instagram, WhatsApp og dei fleste andre tenestene som Meta eig. Likevel kostar det noko; nemleg informasjon om deg sjølv. Informasjon som alder, yrke, økonomi, interesser og tidsbruk blir brukt til å lage målretta annonsar.

Det er også eksempel på at det har blitt brukt på andre måtar. I 2018 vart det avslørt at firmaet «Cambridge Analytica» hadde brukt informasjon frå sosiale medium for å manipulere veljarar før det amerikanske valet i 2016.

Facebook har også blitt kritisert for korleis algoritmane deira er med på å spreie hat og ekstreme haldningar. Etter folkemordet av Rohingya-minoriteten i Myanmar, vart Facebook saksøkt av offer for valden. Bakgrunnen var at selskapet ikkje gjorde nok for å fjerne oppfordringar om bruk av vald mot Rohingya-folket.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Gullmynter med gravert tommel opp i facebook-stil
Gullmynter med gravert tommel opp i facebook-stil

Opprør, kampar og sosiale medium

I vår tid har internett og sosiale medium blitt nye former for våpen i krigar og opprør. På Facebook, Twitter og Instagram vert det lagt ut videoar av menneske som skyt på kvarandre. Også på meldingstenester som Telegram og WhatsApp kommuniserer soldatar, opprørarar og politikarar saman.

Opprørspolitimann foran en gruppe opprørere.
Opprørspolitimann foran en gruppe opprørere.

Den arabiske våren

Januar 2011 var det store opprør mot myndigheiter i fleire land i Midtausten og Nord-Afrika. Fellesnemninga for desse protestane vart «Den arabiske våren». Under opprøra vart sosiale medium brukte for å spreie informasjon om å delta. Dette gjorde at resten av verda kunne følgje med på krava til opprørarane.

Dette medførte at myndigheitene stengde ned bestemte nettstader. Dei ville ta kontroll over kva innbyggjarane fekk tilgang på av informasjon. Det finst også rapportar om bloggarar og nettaktivistar som vart arresterte.

📷  Aktivistar bygde provisoriske mediesenter for å samle bilde og videoar frå demonstrantar og laste dette opp på internett. Dette bildet kjem frå ein slik leir.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Personer som protesterer omringet av opprørspoliti i Egypt
Personer som protesterer omringet av opprørspoliti i Egypt

Det sensurerte internettet

Internett kan gi tilgang på enorme mengder informasjon. Mykje av dette ønskjer myndigheitene i nokre land å halde borte frå innbyggjarane. Myndigheitene kan blokkere nettstader og appar, og dermed sensurere kva innbyggjarane har tilgang på. 

📷  Reportarar utan grenser har laga eit stort bibliotek i spelet «Minecraft». Biblioteket gir tilgang på sensurert innhald frå heile verda. Dette ligg no fritt tilgjengeleg for dei som ønskjer informasjon, sidan spelet kan spelast i dei fleste land. Les meir på uncensoredlibrary.com.
Oversiktsbilde av det usensorerte biblioteket i Minecraft

Den kinesiske brannmuren

Kina er rekna som det landet i verda som har den strengaste kontrollen over internett. Myndigheitene utvikla på slutten av 1990-talet eit datasystem dei kalte «Det gyldne skjold». Kallenamnet i Kina vart «Den kinesiske brannmuren». Formålet er å drive sensur og overvake datatrafikken innbyggjarane i mellom.

Dette betyr at det er ein stor risiko for å bli overvaka av myndigheitene. Gjer ein noko regjeringa definerer som ulovleg, kan ein i verste fall bli arrestert.

Vidare vil du finne saker som den kinesiske regjeringa har sensurert.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av den kinesiske mur
Illustrasjon av den kinesiske mur

Ole Brumm

Ole Brumm er blitt fjerna frå kinesisk internett. Det vart skapt ein  «meme» som samanlikna president Xi Jinping med Ole Brumm.

Samanlikninga har seinare blitt eit symbol på motstand mot det kinesiske kommunistpartiet og leiaren deira.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Collage av Xi Jinping og Ole Brumm
Collage av Xi Jinping og Ole Brumm

Covid 19-pandemien

I Kina er det store restriksjonar på kva  informasjon om pandemien som er tilgjengeleg.

Kinesere står med masker i kø for å handle
Kinesere står med masker i kø for å handle

Tianamen Square-protestane

4. juni 1989 var det store demonstrasjonar på «Den himmelske fredsplassen» i Kina. Tusenvis av menneske gjorde motstand mot myndigheitene. Som svar vart tusenvis drepne og skadde av militæret.

Søkjer du på internett om denne hendinga, vil det dukke opp heilt annan informasjon i Kina enn andre stader i verda.

📷  «Tank man», tatt av Jeff Widener. Kvifor trur du bildet har blitt verdskjent?
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tank man - Mann står alene foran fire militærtanks.
Tank man - Mann står alene foran fire militærtanks.

Overvaking i stor skala

Kina overvaker både internett og befolkninga. Bruken av blant anna ansiktsgjenkjenning har blitt eit utruleg effektivt middel i Kina. Det vert brukt  til «public shaming». Offeret blir hengt ut offentleg fordi vedkommande har gjort noko myndigheitene meiner er ulovleg og «usivilisert». Slike bilde kan brukast på plakatar eller i aviser.

📷  Lyktestolpe i Tiananmen som er dekt av overvakingsutstyr.
Lyktestolpe på Tiananmen full av overvåkningsutstyr
Lyktestolpe på Tiananmen full av overvåkningsutstyr

Framskritt og grenser

Internett har gjort enorme framskritt i verda med tanke på produktivitet og kommunikasjon. Likevel ser vi at teknologien også kan misbrukast eller brukast til å setje grenser for folk. Når nokre få bestemmer kva for informasjon som skal nå ut til folket, skaper det ein enorm ubalanse i maktforholda. Det vert sagt at kunnskap er makt. Korleis trur du internett er med på å bestemme korleis vi ser verda?

Kjelder:

  • Øverby, Harald; Dvergsdal, Henrik: internett i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 23. juni 2022 frå https://snl.no/internett

 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Ramy Raoof
    10. Unsencored library
    11. Michel Temer / ​​JD Hancock – YouTube
    12. Joshua Fernandez (Unsplash)
    13. NTB Scanpix / Jeff Widener
    14. Ed Johnson
    15. Getty Images