Kva for rolle passar best for deg?

Alle menneske har ulike styrkar og svakheiter, interesser og eigenskapar. 

Har du tenkt over kva du har? Liker du til dømes best å jobbe åleine, eller saman med andre? Somme liker å ta ordet og komme med mange forslag når ei oppgåve skal løysast. Andre vil heller tenkje seg litt om først. Kva rolle har du i venneflokken? Er du den som får folk til å le, eller den som trøystar når nokon treng det?

Eigenskapane dine kan fortelje deg mykje om kva slags jobb du vil trivast best med.

Eigenskapar og motivasjon

Dei fleste ungdomsskuleelevar er usikre på kva dei vil jobbe med seinare i livet. Kanskje du allereie har bestemt deg for at du vil bli skodespelar, sjukepleiar, elektrikar, programmerar, journalist eller influensar. Men det er jo slett ikkje sikkert at det blir akkurat slik. Du kan til dømes oppdage noko anna som interesserer deg endå meir. Kanskje det framtidige yrket ditt ikkje eingong er oppfunne enno! Mange av dagens yrke vil forsvinne, og heilt nye arbeidsplassar vil dukke opp etter kvart som verda endrar seg.

Derfor er det lurt å tenkje godt gjennom kva du er flink til, kva som motiverer deg og kva du brenn for. Det har mykje å seie for kva slags arbeidsoppgåver og yrke du vil trivast best med. Kva rolle liker du å ta i ei gruppe, til dømes? Er du den som leier og motiverer, eller er du den som gjennomfører og avsluttar? Bedriftene treng alle typar menneske.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

NRK: éi bedrift – 100 yrke

Lat oss bruke NRK som døme. 

Leiar

Øvste leiar for NRK er kringkastingssjefen. Ho har ansvaret for alt kanalen lagar, men ho lagar verken TV- eller radioprogram sjølv. Nokre av dei viktigaste oppgåvene ho og dei andre leiarane har, er å planleggje korleis NRK skal utvikle seg vidare. Ho bestemmer kva slags innhald dei skal tilby sjåarane, og korleis dei andre som jobbar i kanalen, skal utføre alle oppgåvene staten har gitt NRK.

Som leiar bør ho mellom anna vere analytisk anlagt. Det betyr at ho må vere flink til å setje saman ulik informasjon og bruke det til å planleggje vegen vidare for NRK.

Ho bør òg vere god til å motivere medarbeidarane sine. Er dette noko du kjenner deg igjen i?

Journalistar

NRK har sjølvsagt òg mange journalistar som lagar innhald til nettsida, nyheitssendingar og andre radio- og TV-program. Mange av desse har den same journalistutdanninga, men likevel er det stor forskjell på kva dei jobbar med og korleis dei jobbar.

Nokre kan mykje om musikk og lagar musikkprogram. Andre er meir opptekne av dagsaktuelle hendingar og jobbar med nyheiter. Sportsjournalistane følgjer med på alt som skjer innan sport.

Motivasjonen og arbeidskvardagen til desse journalistane er veldig ulik, sjølv om dei kan seiast å ha same yrke. Ein journalist kan med andre ord ha veldig mange ulike jobbar. Det same gjeld for dei aller fleste utdanningane.

I tillegg kjem regissørar, scenearbeidarar og kostymedesignarar. Somme jobbar berre med økonomi. Kva andre jobbar trur du det finst i NRK?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Mange moglegheiter

I dei fleste bedrifter er det altså mange ulike jobbar som må gjerast, sjølv om dei fleste kanskje ikkje har like mange moglegheiter som NRK. Det betyr at du kan få bruk for ferdigheitene dine i mange ulike bedrifter og yrke. Ver nysgjerrig!

Starte eiga bedrift?

Kanskje du drøymer om å starte di eiga bedrift og bli din eigen sjef,  i staden for å vere tilsett hos nokon andre. Då er det ekstra viktig å tenkje på kva styrkar og svakheiter du har.

Viss du skal starte di eiga bedrift, bør du verkeleg tenkje igjennom kva som motiverer deg, kva du liker å gjere, kva du er flink til, og kva du kanskje ikkje er fullt så flink til. Viss du til dømes vil drive med redesign av klede, er du ganske sikkert både moteinteressert og flink til å sy.

Treng du hjelp?

Men er du like flink med pengar og rekneskap? Kan du noko om digital marknadsføring? Nokre gongar kan det vere lurt å få litt hjelp frå nokon som er flinke til det du sjølv er usikker på.

Mange roller i ei liten bedrift
Sjølv i ei bitte lita gründerbedrift er det fleire roller som må fyllast for at alt skal fungere. Men ein gründer jobbar jo gjerne åleine, i alle fall den første tida. Som gründer må du derfor ofte fylle mange ulike roller i den vesle bedrifta di, og du må sannsynlegvis lære å meistre heilt andre oppgåver enn det du har mest lyst til å drive med.

Kanskje du oppdagar nye talent hos deg sjølv medan du er i gong? Du vil i alle fall garantert lære noko nytt som du vil få bruk for i andre samanhengar òg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Til refleksjon

  • Kjem du på nokre jobbar som ikkje fanst for 10-15 år sidan? Kan du tenke deg nokre nye yrke som ikkje eksisterer enno? 
  • Kva for jobb ville du hatt viss du vart tilsett i NRK? Begrunn svaret ditt.
  • Kva for roller ville du ha synest var vanskelege viss du skulle starte di eige bedrift? Kva for roller ville du likt best?
  • Gå inn på finn.no/jobb og les nokre stillingsannonsar.
    • Finn du nokre eigenskapar som er like i fleire av annonsane? 
    • Kvifor trur du akkurat desse eigenskapane er viktige?
Close Icon

Loading...