Pengar er ikkje alt!

Pengar er ikkje alt her i verda, blir det sagt. Og det er jo rett. Men viss du skal starte eiga bedrift, er du nøydd til å tenkje på økonomien. Ingen bedrifter overlever på luft og kjærleik. Det må pengar til.

Treng du startkapital?

Ofte må vi bruke ein del pengar før vi kan tene pengar. Vi seier at du treng startkapital. Startkapital er pengar du skal bruke til å betale for alt du treng for å komme i gang, og fram til bedrifta begynner å tene pengar.

Viss forretningsideen din til dømes er å redesigne brukte klede, må du antakeleg kjøpe både stoff, knappar, tråd og anna utstyr. Kanskje du treng ein proff symaskin òg? Dessutan må du bruke pengar på å lage ei nettside, og kanskje betale nokon for å lage ein god logo til bedrifta di.

Tenk framover

Prøv å tenkje litt fram i tid når du bereknar kor mykje startkapital du treng. Nesten ingen bedrifter begynner å tene pengar frå første dag. Kundane må få tid til å oppdage produkta eller tenesta di, og derfor er det lurt å ha nok startkapital til at du kan halde opent fram til du begynner å tene pengar på ideen din.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis skaffar du startkapital?

Det er fleire måtar å skaffe startkapital på. Du kan låne pengar i banken – eller kanskje du kan låne av nokon i familien din? Berre hugs at dette er pengar som skal betalast tilbake, og du kan vere heilt sikker på at banken vil ha renter. Du må altså betale tilbake meir enn den summen du låner.

Investor

Viss du meiner at du har ein veldig god forretningsidé, kan du kanskje heller få nokon til å investere pengar i bedrifta di slik at du får startkapital. Det betyr at vedkommande gir deg pengar i byte mot å eige ein liten del av bedrifta. Du og investoren må bli samde om kven som skal eige kva.

Salspitch

Først må du altså finne ein eller fleire investorar som har tru på forretningsideen din. Korleis kan du overbevise investoren om at idéen din er skikkelig god?

For å lykkast bør du lage ein skikkelig god presentasjon av ideen din. Forklar forretningsmodellen (linke til annan artikkel) og vis fram resultatet av dei marknadsundersøkingane du har gjort. 

Godt språk, ein grundig presentasjon og overbevisande argument er viktig for å vekkje interessa til investoren. Det er dette som på forretningsspråket heiter å lage ein salspitch.

Eit realistisk budsjett

Du må òg lage eit realistisk budsjett for bedrifta, for å sjå om det faktisk er mogleg å tene nok pengar på ideen din.

I budsjettet må du ha ei oversikt over alle utgifter du veit at du kjem til å få – anten det er straum, husleige, lønn til deg sjølv eller andre eller pengar til annonsering i sosiale medium. Ver realistisk – du vinn ingenting på å prøve å lure deg sjølv her.

I budsjettet må du ha med ei oversikt over det du trur at bedrifta di kan tene. Igjen er det viktig at du ikkje er for optimistisk. Kan du verkeleg klare å tene nok til å betale alle rekningane når startkapitalen er brukt opp? Vil du ha pengar til overs? Kan du gjere noko for å redusere utgiftene?

Ofte må ein gründer rekne med å ikkje ta ut lønn til seg sjølv på ei god stund. Derfor er det lurt å sjå om du kan auke inntektene, til dømes ved å ta på deg syoppdrag i tillegg til å selje redesigna klede.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Kva betyr konkurs?

Sjølv om du har gjort eit grundig forarbeid, er det ikkje sikkert at bedrifta di vil lykkast. Kanskje nokon lanserer eit betre produkt som kundane heller vil ha? Eller kanskje kundane ikkje er villige til å betale så mykje som du treng for å få bedrifta til å lønne seg? Nokre gongar kan det òg skje noko heilt uventa – til dømes ein pandemi. I pandemien var det mange kafear og restaurantar som gjekk konkurs fordi dei ikkje fekk lov til å ta imot kundar.

Konkurs betyr at eigarane av eit selskap ikkje klarer å betale det dei skuldar – som lønn, husleige og skatt. Det er gjerne kreditorane som krev at bedrifta skal slåast konkurs, og dei sender ei melding til domstolen om det.

Du kan òg slå bedrifta di konkurs viss du ser at du ikkje klarer å betale rekningane dine lenger. Då må du sende ei melding til domstolen og forklare at du vil at selskapet skal leggjast ned. Du har faktisk plikt til å slå bedrifta di konkurs viss du veit at du ikkje  klarer å betale rekningane dine innan rimeleg tid.

Når eit selskap er konkurs, mister du retten til å bestemme over det bedrifta har av verdiar. Du får ikkje lov til å gøyme unna dei fine tekstila eller den proffe symaskinen din.

I staden blir det oppnemnt ein profesjonell bustyrar, som regel ein advokat, som startar konkursforhandlingar. Målet med konkursforhandlingane er at bedrifta skal leggjast ned på ein ryddig og ordentleg måte, og at eigedelane til bedrifta skal fordelast mest mogleg rettferdig mellom kreditorane, altså dei selskapet skuldar pengar. Det er dette bustyraren skal sørgje for.

Konkurs – ei nyttig erfaring

Det kan vera litt skremmande å tenkje på at bedrifta du startar, kan gå konkurs. Men hugs at mange vellykka og kjende gründerar har gått konkurs fleire gonger i livet.

Nesten alle desse fortel at det var ei utruleg nyttig erfaring, og at dei lærte mykje om kva dei kunne gjere betre neste gong. For sjølv om du går konkurs, betyr ikkje det at du ikkje kan starte ei ny bedrift!

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Til refleksjon

  • Kva trur du er fordelane og ulempene med å låne startkapital i bank?
  • Kva er fordelane og ulempene ved å skaffe ein investor? 
  • Kvifor trur du at du, som eigar, ikkje får bestemme over selskapet sine verdier når selskapet er konkurs? 
  • Kvifor trur du det står i lova at ei bedrift må slå seg sjølv konkurs viss ein ikkje vil klare å betale det ein skuldar innan rimeleg tid?
Close Icon

Loading...