Masseutrydding
Gullpadde, svart nashorn og hawaiisk kråke er alle utrydda. Neste på lista kan vere orangutang, elefant og sverdfisk. Mange dyr har vorte utrydda etter at mennesket dukka opp for mange millionar år sidan. Nokre av årsakene til dette er overdriven jakt, øydelegging av skog og forureining.
I WWF Verdsnaturfondets årsrapport frå 2016 kan vi lese at artane forsvinn så raskt at vi er vitne til ei sjette masseutrydding.
Jorda har til no opplevd fem masseutryddingar. Den verste skjedde for 252 millionar år sidan. Då døydde 95 prosent av alt liv på jorda. Mest kjent er nok asteroiden som tok livet av dinosaurane for 66 millionar år sidan.
Dei fem tidlegare masseuryddingane har hatt sine naturlege årsaker. Den utryddinga fleire forskarar meiner foregår no, er det menneska som er skuld i.