Sex i mente:

Onani

Onani – å onanere. Masturbasjon – å masturbere. Litt vanskelege ord, kanskje, men handlinga er fin og viktig for dei fleste av oss. 

Å onanere er heilt naturleg, og noko mange gjer. Å onanere er rett og slett å gi seg sjølv seksuell nyting. Sex med seg sjølv, altså. Onanering er sunt og godt og ein fin måte å utforske kroppen sin på, slik at ein finn ut kva ein liker.

En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.
En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.

Korleis onanerer ein?

Når ein onanerer, stimulerer ein kjønnsorganet sitt, slik at det kjennest godt. Det kan vere både deilig og spennande. Det er mange ulike måtar å onanere på. Ein kan onanere ved å ta på, stryke, gnikke, massere, presse eller klemme ulike område på og rundt kjønnsorganet sitt.

Vulva, vagina og klitoris

Klitorishovudet, den ytste delen av klitoris, har mange tusen nervar. Derfor er det svært kjenslevart for berøring. Visste du at klitoris er det einaste organet i kroppen som berre har eitt kjent formål – nyting?

Ein kan stimulere klitoris ved å gni eller massere han framme eller på sidene. I tillegg kan ein massere skjedeopninga og kjønnsleppene. Somme liker også å ta ein eller fleire fingrar inn i skjeden, gjerne samtidig som ein gnir eller trykkjer på klitoris. Ein kan også bruke hjelpemiddel, til dømes ein vibrator.

Slik ser klitoris ut: Sjå illustrasjon

Visste du at klitoris er langt større enn berre det synlege klitorishovudet? I tillegg til hovudet, som blir dekt av forhud, består klitoris av to klitorisbein og to svamplekamar som ligg skjult i underlivet.

Lær meir om klitoris i denne filmen:

Penis 

Penishovudet er også veldig kjenslevart. Mange onanerer ved å halde rundt penis og dra handa fram og tilbake over penisskaftet og penishovudet, slik at forhuda blir ført fram og tilbake over sjølve hovudet. Om ein er omskoren, slik at forhuda er fjerna, kan ein bruke fingrane eller handflata til å stimulere penishovudet. Det kan vere lurt å ta litt glidekrem eller olje i handa, slik at stimuleringa kjennest mjukare og handa glir betre.

Erogene soner

Vi har fleire erogene soner på kroppen som det er godt å berøre. Døme på erogene soner er munnen, øyreflippane, nakken, brystvortene, rumpa, mellom låra, føtene, tærne, g-punktet, prostata, klitoris og penis.

Desse områda kan ein også utforske når ein onanerer. Slik finn ein ut kva delar av kroppen det er ekstra herleg å stryke på, kile eller å massere både før og samtidig som ein onanerer.

Seksuelle fantasiar

Somme fantaserer samtidig som dei onanerer. Då kan ein sjå for seg bilde, handlingar eller situasjonar som ein synest er opphissande, og som ein blir kåt av.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt

Kor ofte er det vanleg å onanere?

Det er stor variasjon i kor ofte ein onanerer. Somme onanerer dagleg, nokre fleire gonger i veka eller månaden, og andre berre ein sjeldan gong eller aldri. Alt mellom aldri og dagleg er altså normalt.

Kvifor onanerer ein?

Dei fleste onanerer først og framst fordi det kjennest godt. I tillegg kan ein få utløysing og orgasme. Orgasme er ein fysisk reaksjon i kroppen som gir ei herleg kjensle, spesielt i underlivet.

Når ein nærmar seg orgasme, sender sentralnervesystemet nytingssignal til hjernen. I tillegg vert det skilt ut dopamin i hjernen, Dopamin eit stoff som gir deg ei kjensle av påskjønning som gjer deg lykkeleg og oppstemt. Det vert også skilt ut eit  «kjærleiks- og nærleikshormon», oksytocin. Sjølve orgasmen er raske samantrekkingar i muskulaturen i og rundt kjønnsorganet, noko som også kjennest herleg.

Ein kan også onanere for å lære meir om seg sjølv og sin eigen seksualitet. Det er fint å bli kjend med seg sjølv før ein har sex med andre. Å onanere er altså ein heilt normal måte å utforske kroppen sin på og oppdage kva som kjennest godt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Onanere åleine eller saman?

Det vanlegaste er å onanere åleine, ofte på rommet sitt eller i dusjen heime. Her kan ein gjere det uforstyrra og utforske seg sjølv i fred og ro.

Det er ikkje lov å onanere framfor nokon som ikkje har samtykt til det. Det er heller ikkje greit å onanere på ein stad der det kan komme inn nokon som ikkje ønskjer å sjå onaneringa.

Ein kan også onanere andre eller kvarandre. Dette er ei form for sex der ein stimulerer andre sitt kjønnsorgan, slik at det kjennest godt for den det gjeld.

Å onanere kvarandre kan vere ein fin måte å bli kjend med kva den andre liker av berøringar og stimulering. Hugs at dette krev samtykke, akkurat som alle andre former for seksuelle handlingar som involverer andre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To illustrerte figurer som er nakne nedentil. En mann og en kvinne.
To illustrerte figurer som er nakne nedentil. En mann og en kvinne.

Kan onanering vere skadeleg?

Det korte svaret er: «Nei, det er verken farleg eller skadeleg å onanere.» Snarare tvert imot, som vi skal sjå på i neste del av teksten.

For enkelte er likevel onanering knytt til skam. Nokre kjenner dei gjer noko syndig på grunn av religiøs tru, andre kjenner dei gjer noko forbode fordi dei opplever det som tabu å snakke om onanering. Då er det viktig å hugse at onanering verken er flaut eller forbode, men heilt normalt.

Dersom ein onanerer så mykje at det går ut over andre viktige ting i livet, kan onanering bli problematisk. Dette gjeld til dømes om ein onanerer så mykje at det går ut over lekser, fritidsinteresser eller det å vere saman med andre. Det kan også vere problematisk om ein må sjå porno for å onanere, eller om ein onanerer på stader eller måtar som verkar negativt på andre.

Då kan det hjelpe å snakke med nokon. Ta kontakt med Helsestasjon for ungdom, fastlegen din, helsesjukepleiaren på skulen eller ein annan vaksen du stoler på. Slik kan du få råd og rettleiing. Du kan også kontakte spørjetenesta til ung.no, heilt anonymt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvifor er det positivt å onanere?

Som vi allereie har sett, er onanering ein fin og trygg måte å bli kjend med seg sjølv og kva ein liker, på. I tillegg har faktisk onanering positiv innvirkning på helsa vår. 

Når ein onanerer, aukar puls og blodtrykk. Hjartemuskelen blir brukt aktivt, og blodgjennomstrøyminga aukar i heile krinsløpet. Dette styrkjer hjartet og krinsløpet.

Om ein får orgasme, blir også frigjort ei rekkje signalstoff og hormon som påverkar oss positivt.

Dopamin gjer at vi kjenner oss oppstemde og lykkelege. Dopamin triggar også påskjønningssystemet i hjernen, slik at ein får lyst til å gjenta handlinga ein annan gong. Det blir òg utløyst endorfin. Dette er det naturlege smertelindrande hormonet i kroppen. I tillegg til å lindre smerte, kjenner ein velbehag, ein blir avslappa og søvnig. Det vi kallar kjærleikshormonet, oksytocin, blir også utløyst. Dette gjer det lettare for oss å knyte oss kjenslemessig til den vi eventuelt har sex med.

Når ein onanerer, vert det også skilt ut adrenalin, som bidreg til auka hjartefrekvens og gir eit energiløft.

For gutar og menn kan regelmessig utløysing også minske risikoen for kreft i testiklar og prostata.

Sjølv om det er mange positive sider ved å onanere, er det viktig å understreke at ein skal gjere det berre om ein har lyst og det gir glede. Ingen skal tvinge nokon til å onanere. Om ein har lyst, har ein lov, og det er fint å vite at onani er både normalt og sunt for oss.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Oppsummering

For å samanfatte: Onanering er sunt, det kan vere veldig herleg og spennande, og det er ein fin måte å utforske og bli kjend med sin eigen kropp på. Å onanere kan gjera deg tryggare på kva som tenner deg, kva du liker, og korleis du kan oppnå seksuell nyting. Det er også ein fin måte å gi kvarandre seksuell nyting på, når ein er klar for det.

Kjelder:

Sex og samfunn (15.03.2024): Onani 
https://sexogsamfunn.no/sex/hva-er-sex/onani/ 

Sex og samfunn (15.03.2024): Orgasme
https://sexogsamfunn.no/sex/hva-er-sex/orgasme/ 

Store medisinske leksikon (14.03.2024): Masturbasjon
https://sml.snl.no/masturbasjon 

Ung.no (14.03.2024): Kan det være feil å onanere?
https://www.ung.no/kan-det-vaere-feil-a-onanere 

Ung.no (15.03.2024): Hva er erogene soner?
https://www.ung.no/Sex/3926_L%C3%A6r_om_erogene_soner.html 

Store medisinske leksikon (14.03.2024): Klitoris
https://sml.snl.no/klitoris  

Ung.no (15.03.2024): Orgasme
https://www.ung.no/orgasme 

NRK (14.03.2024): Derfor bør du onanere
https://www.nrk.no/trondelag/onani-kan-vere-bra-for-den-fysiske-og-psykiske-helsa-var-1.16732293

Bilde- og videorettar:

    1. Helene Brox

    2. Adobe Stock

    3. Midjournay/ai

    4. Helene Brox

    5. Helene Brox

    6. Adobe Stock

    7. Midjournay/ai

    8. Adobe Stock

Close Icon

Loading...