La oss seie at mora på eit eller anna vis greidde å føde denne skapningen. Resultatet ville ha vore halvt fugl og halvt dinosaur. Men kunne dette dyret overleve i dagens klima?
Innhaldet av karbondioksid og oksygen i lufta er annleis no enn for 66 millionar år sidan. Temperaturen er annleis, og dinosaurane måtte finne noko heilt nytt å ete. Dinosaurane var utvikla til å ete det som fanst den gongen, og ikkje det som lever no.
Ville du hatt desse dyra i nabolaget ditt?