Vi veit ikkje kor lenge DNA kan overleve. Forskarar trur at det kan overleve opptil ein million år. Det eldste DNA-et som er funne, tilhøyrer ein 700 000 år gammal hest.
Dinosaurane levde for over 60 millionar år sidan. Er det då mogleg å finne DNA, trur du?
Det er nok ikkje mogleg å klone dinosaurar slik dei gjer i “Jurassic Park”-filmen. Her finn dei DNA i mygg frå dinosaurane si tid. Myggen vart i si tid fanga i ein klump med rav. Det er kvae frå tre. Men rav vernar ikkje DNA spesielt bra.